Birkenes IL - Skiskyting

Birkenes IL - Skiskyting

PÅMELDING LIATOPPEN 2016 - Viktig å lese før påmelding

Postet av Birkenes IL - Skiskyting den 22. Jan 2016

PÅMELDING LIATOPPEN 2016 - Viktig å lese før påmelding

Individuelle renn:

Påmeldinga opnar tysdag 26. januar 2016 kl 10.00 og stenger når arrangementet er fullteikna eller seinast 20. februar. Dei individuelle renna har eit maks deltakartal på 1100. Påmeldingar blir registrert etter først til mølla-prinsippet. Merk at EQ Timing er leverandør av systemet, men det er ikkje det same systemet som blir brukt til andre skiskyttarrenn.

Påmelding vil i år, som i fjor, foregå i to trinn. I første trinn, når påmeldinga opnar, registrerer påmelder seg med navn, e-postadresse og kor mange plassar ein ønskjer uavhengig av klasse (maksimalt antall er 3). Ein plass gjeld for to individuelle konkurransar. All kommunikasjon skjer mot den registrerte e-postadressa. Det er difor svært viktig å oppgi korrekt adresse. Kvar e-postadresse kan gjere ei bestilling med maks. 3 plassar. Etter vellykka køregistrering går det ut ei kvittering på e-post til påmelder.

Alle bestillingar vil automatisk bli lagt inn i ein kø etter registreringsrekkjefølgja så her løner det seg å vere tidleg ute.

Trinn to startar litt etter køregistrering. Då vil påmelder til dei som har fått plass motta ein ny e-post med link til registreringsskjemaet. Det er viktig å følgje instruksen i denne e-posten. Frå e-posten blir sendt ut vil ein ha 24 timar på seg til å registrere deltakarar. Dette kan dermed gjerast utan tidspress når det passar i dette tidsrommet. Påmeldinga må betalast med kort eller pr. faktura. Det er ikkje klubbfakturering i denne løysinga.

Dei som ikkje får plass i denne runden vil få tilbod om å stå på venteliste. Ein beheldt opprinneleg plass i køen. Plassar vil tildelast i den grad det kjem avmeldingar eller forfall inn mot arrangementet. Tildeling av plassar blir avslutta 5 dagar før dei individuelle renna.

Denne totrinns-løysinga er valt for å gjere påmeldingsprosessen så tidsbesparande og rettferdig som mogeleg for alle partar.

Påmeldinga er bindande. Startkontingenten kan bli refundert ved avmelding før påmeldingsfristen går ut (20. februar) i samsvar med NSSFs nasjonale konkurransereglar. Ved seinere forfall blir ikkje startkontingenten refundert.

Til våre svenske deltakarar: De skal også bruke påmeldingslinken nedanfor.

Link til påmelding vil koma her i god tid før påmelding opnar.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc